Om Matklokka
Norske mat- og drikkedestinasjonar er i utvikling. Matklokka er systemet som tikkar og går over tid.
Matklokka er delt inn i tolv emne – tolv klokkeslett – som kvar har fokus på ulike ting. Du startar ein stad, og så jobbar du deg gjennom. Vi startar med produsenten: bonden, fiskaren, landbruket. Så jobbar vi med produkta, registrerer, kartlegg, fortel historier, gjer ting salbart og marknadsfører. Vi jobbar med rekruttering, politikk og sal. Heilt sentralt ligg opplevingsutvikling – for det er gjester som skal kjøpe dette.
Norske mat- og drikkedestinasjonar er ikkje regulert på storleik, geografi eller kommunegrenser. Det er regionen sjølv som bestemmer kvar han vil jobbe, og kva han vil heite.
Rapporteringa skjer via denne nettsida, og vi jobbar med eit ope API slik at samarbeidspartnarar kan hente ut informasjonen.